top of page
Søk
Forfatterens bildeLifjorden Bygdelag

Pangstart for ny frisørsalong - Ingrid opnar For deg frisør

Å starte sitt eige firma kan vere både utfordrande og spennande. For nokre månadar sidan fekk Ingrid Hatlem Skår ein moglegheit ho ikkje kunne la gå frå seg. I byrjinga av november starta Ingrid opp salongen «For deg frisør» i Britahuset i Hyllestad sentrum.




Ingrid starta si frisørkarriere i Høyanger, der gjekk ho frisørlinja på Høyanger vgs frå 2006 til 2007. Vidare bar det til Bergen der ho starta som lærling hos Ramsvik frisør, Hordaland sin største frisørkjede. Ho fekk fast jobb vidare som frisør og vart etter kvart opplæringsansvarleg i kjeden, ho fekk då ansvar for alle lærlingar dei hadde.


- Vi hadde om lag 30 lærlingar i året, i tillegg jobba eg i samtidig i salongen.


Etter 10 år i same salong og fleire utsettingar var tida inne for å flytte heimatt til Lifjorden. Med seg tok ho mann, Christian Hatlem Skår og saman venta dei sin første unge. Planane for å bygge eige hus på heimgarden var alt i full gang og tegningar hadde dei med seg i kofferten.


Kunne aldri starta om ingen gav seg.


Foto: @fordegfrisor

Etter to år i deltidsstilling hos Erna’s frisørstove i Leirvika sa Ingrid opp jobben for å tenke på kva ho ville gjere vidare. Om ho ville fortsette som frisør var ho enno ikkje sikker på, men medan ho var i mammapermisjon med dottera Live kom det ein telefonen som ikkje kunne passa betre.


- Laila Wolff ringte og lurte på om eg var interessert i å starte opp, og det kunne jo ikkje passa betre. Eg kunne jo ikkje sei nei, valet var lett.


Tanken om å starte sin eigen salong hadde Ingrid eigentleg ikkje hatt før, men då ho flytta heim fekk ho meir og meir lyst til å skape noko eige.


- Eg kunne aldri ha starta utan at noko andre hadde gitt seg, det var jo tre salongar her og tenkte det ikkje var plass til ein fjerde


Du får vel med deg kundane frå den tidlegare frisørsalongen som var her etter du tok over?


- Eg håpar jo at mange vil gi meg ein sjanse, så får vi sjå om dei kjem igjen, seier Ingrid.


Det fleste har nok ein fast frisør dei går til, slik er det også for Ingrid. Fleire av dei ho har hatt som kunde frå før vil nok følgje med, som familie og vennar. Om det skulle vere i Bergen eller Hyllestad så føl dei etter.


Ville gjere det meir personleg


At Ingrid kanskje er over snittet interessert i interiør er lett å sjå når du kjem inn i salongen. Stilen er gjennomgåande moderne med eit minimalistisk uttrykk og små detaljar.


Det har gått med nokre timar på oppussing fortel Ingrid, heldigvis har ho fått god hjelp. Christian som eigentleg hadde ferie har brukt mykje tid på å hjelpe til med å ferdigstille salongen, blant anna har Christian laga benkane i salongen og vore ein god bidragsytar.


- Det har vore nokre dugnadstimar, mamma og pappa har jo vore innom og, men Christian har definitivt vore her mest.


For at utstillingshyllene skulle passe perfekt inn i salongen og ha det utrykket Ingrid ynskja, har ho like so godt teikna det sjølv. Deretter fekk ho den lokale tømraren Lars Espeland til å lage dei.


- Eg vart kjempefornøgd, det er jo ekstra kjekt når det er nokon lokale som har laga det og, seier Ingrid og er tydeleg på at han også skal ha mykje skryt!


Kunden i fokus


Å komme opp med eit passande namn har nok alle kjent kor vanskeleg er i ulike samanhengar. Det viktigaste for Ingrid var at namnet skulle gjennspegle det ho vil tilby kundane. Så dukka plutseleg namnet “For deg” opp.


- Når eg først hadde tenkt på dette namnet klarte eg ikkje tenke på noko anna, det var ikkje noko anna som eg fekk til å passe betre, seier Ingrid.


Korleis ho kom opp med det namnet eller kvifor akkurat det duka opp er ho litt usikker på.


For deg frisør kan du finne på Hyllestad i Britahuset ovanfor bensinstasjonen. Sjølv om ikkje Ingrid sjølv valte plasseringa av salongen, sidan Frisørloftet tidlegare haldt til her, tykkjer Ingrid at det passar perfekt at salongen delar hus med “Bare god Aromaterapi”.


Produkta Ingrid har valt å satse på er naturlege, organiske og berekraftige produkt, litt det same Anne Berit har valt å halde på med. Dermed passa salongen til Ingrid godt inn i temaet og atmosfæren som Britahuset har i dag.


Miljø i fokus



Er du innom For deg frisør kan du finne mange gode Kevin Murphy produkt. Det er produkt som er laga av naturlege og berekraftige ingrediensar og er opptatt av at dei ikkje skal øydelegge andre ting i naturen for å produsere produkta.


Til dømes er flaskene laga av resirkulert plast frå sjøen og i tillegg er dei ammoniakk-, PPD-, paraben- og sulfatfrie.


Produkta er laga som hudpleie for hår. Det vil seie at produkta ikkje legg seg på overflata, men trekk inn i håret for å gi verking innanifrå, fortel Ingrid.


For ho var dette ein viktig del av grunnen til at ho valte nettopp produkta til Kevin Murphy. I tillegg har ho jobba med desse før, så ho er godt kjent med alle produkta.


- Dette er produkt som eg likar veldig godt sjølv og eg veit at kvaliteten er god. Eg må kunne anbefale eit produkt på grunnlag av at eg sjølv syntest det er bra, ikkje fordi det står i hylla.


Eit mål om å lykkast



Sjølv om Ingrid er oppvaksen i Hyllestad er det ein ting ho tykkjer er litt rart etter ho flytta heim.


- Det er mange eg ikkje veit kven er, både namn og fjes.


Noko av det ho synast er kjekt med yrket er at ho får moglegheit til å helse på desse folka, det er og kjekt når dei blir fornøgde, seie Ingrid.


For deg Frisør er i skrivande stund inne i si tredje veke etter opning, så langt har det vore god oppslutnad blant kundane.


- Det har vore fullt heile tida, seier Ingrid og håpar på at det fortsett slik.

Ingrid ser lyst på framtida og har som mål om få dette til, men trur nok ikkje det blir fleire tilsette i salongen.


- Eg trur dette blir veldig bra.


305 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page